Abonnementsinfo
Her finn de abonnementsinformasjon for det enkelte anlegg. Eksisterande kundar kan ta kontakt med Fjordvarme AS for brukarnamn og passord.
Nye kundar på Nordfjordeid:
1. Fjordvarmetilknyting (varme/kjøling)
Nettet er bygt ut med så høg kapasitet at også nye abonnentar kan få knyte seg til. Interesserte kan kontakte Fjordvarme AS v/ dagleg leiar Magne Hjelle, 57864823/90826775, magne.hjelle@fjordvarme.no, Postboks 181, 6772 Nordfjordeid.
Besøk oss gjerne på vårt kontor i Nordfjordeid næringshage, Øyane 11.
Pris
Tilknytingsgebyr næringsbygg/offentlege bygg:
Satsane er gradert frå kr 50.000 til kr 250.000 + mva. Endeleg prisfastsetting er avhengig av dimensjonar for inntak i bygget, fastsett etter nærare avtale. Desse prisane gjeld for noverande prosjektomfang og er subsidierte gjennom tilskot til prosjektet. Tilknytingar ut over dei som ligg innanfor opprinneleg prosjektomfang, må pårekne høgare pris.
Tilknyting privatbustader: kr 5.000 + mva pr bustad.
2. Tilknyting til gassnettet
I lag med fjordvarmerøra er det ført fram gassrør. Også bygg som ikkje er tilknytte fjordvarmenettet kan knytte seg til gassnettet. Nettet utvidast i takt med etterspurnaden. Gasnor AS leiger gassnettet og inngår avtale med kundane om leveranse av naturgass.
Sjå hovedmenypunkt Gassinfo
3. Tilknyting til fibernettet
I lag med fjordvarmerøra er det ført fram trekkerør for fiber. Også bygg som ikkje er tilknytta fjordvarmenettet kan knytte seg til fibernettet. Eigar av fibernettet er SFE Nett AS. Det blir utvida i takt med etterspurnaden.
Sjå hovedmenypunkt Fiberinfo



