Nordfjordeid

Fjordvarmeanlegget gjev kundar på Nordfjordeid tilgang til rimeleg energi og kjøling. Det er opna for at både næringsliv, offentlige bygningar og hustandar kan få knyte seg til anlegget. Gjennom utbygginga på Nordfjordeid er det og opna for at firma og husstandar kan knytte seg til fiber breibandnett og gassnett. Næringsliv og private har gjennom Fjordvarmeanlegget eit tilbod utan sidestykke i Noreg.

 

Fjordvarmetilknyting

Nettet er bygt ut med så høg kapasitet at også nye abonnentar kan få knyte seg til. Interesserte kan kontakte Fjordvarme AS for nærmare informasjon.


Fjordvarme AS - kontaktskjema

 

Lokalt eigarskap og sjølvkostområdet

På Nordfjordeid er det vedteke at drifta av anlegget for varme/kjøle delen skal driftast etter sjølvkostprinsippet.
Denne løysinga kan og nyttast andre stadar, men kanskje det er smartare å etablere eit driftsselskap med lokale eigarar, kommunen og Fjordvarme AS som står for planlegging, utbygging og drift.