Forum for Grøn Energi, årsmøte 2018

Mandag 11.juni 2018

Forum for Grøn Energi har årsmøte onsdag 27.juni.

 

Forum for grøn energi, Sogn og Fjordane er ein frittståande og sjølvstendig interesse-organisasjon som har som overordna mål å auke verdiskaping knytt til planlegging, utbygging, drift og bruk av fornybar energi i Sogn og Fjordane, samt legge til rette for teknologiutvikling knytt til fornybar energi og energiøkonomisering.

 

I forkant av årsmøtet vil vi invitere til eit frukostseminar som vert opent for alle interesserte, med følgande tema og program:

 

Frukostseminar: «Samarbeid for utvikling: Framtida for fornybar energi i Sogn og Fjordane»

08.30-09.00: Frukost og mingling i kantina til Sunnfjord Energi

09.00-10.15: Korleis kan vi samarbeide om å auke verdiskaping frå fornybar energi i Sogn og Fjordane?

Innlegg frå:

- Anne Mette Hjelle, styreleiar IT-Forum

- Leon Bakkebø, dagleg leiar Sogn og Fjordane Næringsråd

- Stein Kvalsund, dagleg leiar Maritim Foreining Sogn og Fjordane

- Ei bedrift, vert annonsert

- Oppsummering ved Elisabet Kjerstad Bøe, styreleiar Forum for Grøn Energi

10.30-12.00: Årsmøte i Forum for Grøn Energi

 

 

Det vert i kantina hos Sunnfjord Energi i Førde, onsdag 27.juni

 

Driftsmelding på nettsida

Torsdag 15.mars 2018

Det er no oppretta eit eige punkt på nettsida med driftsmeldingar anngåande fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid, følg linken.

Varmepumpekonferansen 2018

Torsdag 22.februar 2018

Som medlem i NOVAP (Norsk Varmepumpeforening) anbefalar vi alle som jobbar med store og små varmepumper til å ta turen til årets Varmepumpekonferanse 6.-7. mars på Fornebu.


Programmet for konferansen er tilgjengelig her:
http://www.varmepumpekonferansen.no/program-2018

Konferansen gir deg aktuelle foredrag, et overblikk over hva som skjer i bransjen og en gylden anledning til å knytte nye kontakter. På konferansens andre dag er det faglige programmet delt i to parallelle sesjoner. Bolig og Energisentraler og Urban Energi.

 

Fjordvarme i EnergiRapporten

Fredag 16.februar 2018

"Driftsutfordringene er på installasjonene som er i kontakt med sjøvann" er EnergiRapporten si overskrift om fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid.

 

EnergiRapporten har intervjua Magne Hjelle om fjordvarmeanlegget. Totalt forsyner anlegget i dag over 100 000 m2 byggningsmasse og meir enn 13 GWh varme pr år. Dette er fordelt på 56 varmepumpeanlegg og 26 kjøleanlegg. Varme frå sjøvatn i kombinasjon med varmepumpe gjev ein høg andel fornybar energi og årleg spart energi er på over 8,5 GWh.

Asfaltproduksjon med fjordvarme

Torsdag 28.desember 2017

Førdefjorden Energi, Veidekke og SINTEF Energi forskar no på bruk av fjordvarme til asfaltproduksjon. For oss er det gledleg å sjå konseptet kan bli heva til eit nytt nivå. Sjå saka på NRK Sogn og Fjordane.

Fjordvarmeanleget i Førde

Torsdag 16.november 2017

Fjordvarmeanlegget i Førde nærma seg klart. Ved oppstarten (med dagens kundar) skal anlegget levere 18 GWh energi kvart år, men er dimmensjonert til å levere 30 GWh. Anlegget nyttar energi frå fjorden til å varmeopp bygg og varmevatn i og rundt Førde sentrum. I tillegg vil anlegget kunne levere kjøling.

 

Firda hadde 3 november ein artikkel (PDF) om anlegget og kor stort klimatiltak dette er. Når anlegget blir satt i drift skal det redusere CO2-utsleppa og bruken av olje skal reduserast med 80%. Dette tilsvarar 5200 tonn CO2 og 1800 m3 olje kvart år.

 

FIRST LEGO League 2017

Mandag 13.november 2017

Årets FIRST LEGO League (FLL) er gjennomført og Fjordvarme var så heldig å få delta som dommar. 

 

FIRST LEGO League er ein kunnskap- og teknologikonkurranse og skal auke intressa for teknologi, forskning, programmering, markedsføring, med meir. Årets tema var "HYDRO DYNAMICS". Dette omfatar menneskets bruk av vatn: korleis vi finn, transporterar, brukar og kvitar oss med vatnet.

 

Vi synest det var ein strålande dag, med deltakarar som viste stort engasjement, god kunnskap og stor glede om temaet vatn. Vi gratulerar alle dei flinke deltakarane og håpar mange fortsette å jobbe og studere FLL sine tema.

 

 

Gratulerer Volda Legoklubb som vinnara av Championpris på Nordfjordeid og lykke til med Skandinavisk finale på Fornebu 2. desember. Foto frå FIRST LEGO League sine sider.

Ny tilsett i Fjordvarme

Onsdag 25.oktober 2017

1. oktober 2017 vart Arild Lote Henden tilsett som prosjektingeniør i Fjordvarme AS.

Arild er utdanna sivilingeniør innan Energi og Miljø på NTNU mellom 2009 og 2014, og har dei siste 3 åra jobba som forskar ved SINTEF Energi i Trondheim.

Ved SINTEF og studiane har Arild jobba med langsiktig og mellomlangsiktig planlegging av vasskraftverk og det elektriske kraftsystemet.

 

 

  

Fjordvarme ønskjer Arild velkommen og lykke til med arbeidet!

 

 

Nytt vekslerhus sett i drift

No er vekslarhus nr. 2 sett i drift og leverer til alle kundar sør for vekslarhus 1 ved Fargarelva. Vekslarhus 1 leverer til alle kundar nord for Fargarelva og vidare mot Stokkenes, som vist på kartskissa.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vekslarhus 2 har ein dimensjonert effekt på 2MW ved full drift. Begge vekslarhusa er kopla på same leidningsnettet på landsida, som i praksis betyr at kapasiteten på anlegget med dette er auka med ca 50%. 

Fjordvarme er med når Eid inviterer!

Fredag 2.juni 2017

Ny utgåve av Eid inviterer er no ute med artikkel om Fjordvarme.

 

Les magasinet i pdf-versjon her, eller på facebook.