Fjordvarmeanleget i Førde

Torsdag 16.november 2017

Fjordvarmeanlegget i Førde nærma seg klart. Ved oppstarten (med dagens kundar) skal anlegget levere 18 GWh energi kvart år, men er dimmensjonert til å levere 30 GWh. Anlegget nyttar energi frå fjorden til å varmeopp bygg og varmevatn i og rundt Førde sentrum. I tillegg vil anlegget kunne levere kjøling.

 

Firda hadde 3 november ein artikkel (PDF) om anlegget og kor stort klimatiltak dette er. Når anlegget blir satt i drift skal det redusere CO2-utsleppa og bruken av olje skal reduserast med 80%. Dette tilsvarar 5200 tonn CO2 og 1800 m3 olje kvart år.