Forum for Grøn Energi, årsmøte 2018

Mandag 11.juni 2018

Forum for Grøn Energi har årsmøte onsdag 27.juni.

 

Forum for grøn energi, Sogn og Fjordane er ein frittståande og sjølvstendig interesse-organisasjon som har som overordna mål å auke verdiskaping knytt til planlegging, utbygging, drift og bruk av fornybar energi i Sogn og Fjordane, samt legge til rette for teknologiutvikling knytt til fornybar energi og energiøkonomisering.

 

I forkant av årsmøtet vil vi invitere til eit frukostseminar som vert opent for alle interesserte, med følgande tema og program:

 

Frukostseminar: «Samarbeid for utvikling: Framtida for fornybar energi i Sogn og Fjordane»

08.30-09.00: Frukost og mingling i kantina til Sunnfjord Energi

09.00-10.15: Korleis kan vi samarbeide om å auke verdiskaping frå fornybar energi i Sogn og Fjordane?

Innlegg frå:

- Anne Mette Hjelle, styreleiar IT-Forum

- Leon Bakkebø, dagleg leiar Sogn og Fjordane Næringsråd

- Stein Kvalsund, dagleg leiar Maritim Foreining Sogn og Fjordane

- Ei bedrift, vert annonsert

- Oppsummering ved Elisabet Kjerstad Bøe, styreleiar Forum for Grøn Energi

10.30-12.00: Årsmøte i Forum for Grøn Energi

 

 

Det vert i kantina hos Sunnfjord Energi i Førde, onsdag 27.juni