Fjordvarmeanleget i Førde

Torsdag 16.november 2017

Fjordvarmeanlegget i Førde nærma seg klart. Ved oppstarten (med dagens kundar) skal anlegget levere 18 GWh energi kvart år, men er dimmensjonert til å levere 30 GWh. Anlegget nyttar energi frå fjorden til å varmeopp bygg og varmevatn i og rundt Førde sentrum. I tillegg vil anlegget kunne levere kjøling.

 

Firda hadde 3 november ein artikkel (PDF) om anlegget og kor stort klimatiltak dette er. Når anlegget blir satt i drift skal det redusere CO2-utsleppa og bruken av olje skal reduserast med 80%. Dette tilsvarar 5200 tonn CO2 og 1800 m3 olje kvart år.

 

FIRST LEGO League 2017

Mandag 13.november 2017

logo

Årets FIRST LEGO League (FLL) er gjennomført og Fjordvarme var så heldig å få delta som dommar. 

 

FIRST LEGO League er ein kunnskap- og teknologikonkurranse og skal auke intressa for teknologi, forskning, programmering, markedsføring, med meir. Årets tema var "HYDRO DYNAMICS". Dette omfatar menneskets bruk av vatn: korleis vi finn, transporterar, brukar og kvitar oss med vatnet.

 

Vi synest det var ein strålande dag, med deltakarar som viste stort engasjement, god kunnskap og stor glede om temaet vatn. Vi gratulerar alle dei flinke deltakarane og håpar mange fortsette å jobbe og studere FLL sine tema.

 

 

Gratulerer Volda Legoklubb som vinnara av Championpris på Nordfjordeid og lykke til med Skandinavisk finale på Fornebu 2. desember. Foto frå FIRST LEGO League sine sider.

Ny tilsett i Fjordvarme

Onsdag 25.oktober 2017

1. oktober 2017 vart Arild Lote Henden tilsett som prosjektingeniør i Fjordvarme AS.

Arild er utdanna sivilingeniør innan Energi og Miljø på NTNU mellom 2009 og 2014, og har dei siste 3 åra jobba som forskar ved SINTEF Energi i Trondheim.

Ved SINTEF og studiane har Arild jobba med langsiktig og mellomlangsiktig planlegging av vasskraftverk og det elektriske kraftsystemet.

 

 

  

Fjordvarme ønskjer Arild velkommen og lykke til med arbeidet!

 

 

Nytt vekslerhus sett i drift

No er vekslarhus nr. 2 sett i drift og leverer til alle kundar sør for vekslarhus 1 ved Fargarelva. Vekslarhus 1 leverer til alle kundar nord for Fargarelva og vidare mot Stokkenes, som vist på kartskissa.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vekslarhus 2 har ein dimensjonert effekt på 2MW ved full drift. Begge vekslarhusa er kopla på same leidningsnettet på landsida, som i praksis betyr at kapasiteten på anlegget med dette er auka med ca 50%. 

Fjordvarme er med når Eid inviterer!

Fredag 2.juni 2017

Ny utgåve av Eid inviterer er no ute med artikkel om Fjordvarme.

 

Les magasinet i pdf-versjon her, eller på facebook.