Ny tilsett i Fjordvarme

Onsdag 25.oktober 2017

1. oktober 2017 vart Arild Lote Henden tilsett som prosjektingeniør i Fjordvarme AS.

Arild er utdanna sivilingeniør innan Energi og Miljø på NTNU mellom 2009 og 2014, og har dei siste 3 åra jobba som forskar ved SINTEF Energi i Trondheim.

Ved SINTEF og studiane har Arild jobba med langsiktig og mellomlangsiktig planlegging av vasskraftverk og det elektriske kraftsystemet.

 

 

  

Fjordvarme ønskjer Arild velkommen og lykke til med arbeidet!