Eid Fjordvarme

Fjordvarmeanlegget gjev kundar på Nordfjordeid tilgang til rimeleg energi og kjøling. Det er opna for at både næringsliv, offentlige bygningar og hustandar kan få knyte seg til anlegget. Gjennom utbygginga på Nordfjordeid er det og opna for at firma og husstandar kan knytte seg til fiber breibandnett og gassnett. Næringsliv og private har gjennom fjordvarmeanlegget eit tilbod utan sidestykke i Noreg.

 

Forklaring av fjordvarmekonsptet finn du i denne linken og fjordvarmeprosjektet på Nordfjordeid her.

 

Fjordvarme AS driftar i dag fjordvarme anlegget på Nordfjordeid. Det inneberer drift og vedlikehald av hovudanlegg, samt drift av varmepumper hos enkeltkundar/bygg.

 

Fjordvarmetilknyting

 

Nettet er bygt ut med kapasitet så nye abonnentar kan få knyte seg til. Interesserte kan kontakte Fjordvarme AS for nærmare informasjon, Fjordvarme AS - kontaktskjema.

 

Om det skulle være ynskjeleg at vi driftar fleire av varmepumpene er det berre å ta kontakt med Fjordvarme AS.

 

 

Lokalt eigarskap og sjølvkostområdet

 

På Nordfjordeid er det vedteke at drifta av anlegget for varme/kjøle delen skal driftast etter sjølvkostprinsippet. Det vil seie at alle kostnadar som er knytt opp mot drift og vedlikehald, samt finansutgifter vert fordelt i eige rekneskap for dette anlegget.

 

Anna aktivitet i selskapet vert ikkje belasta sjølvkostområdet.


Denne løysinga kan og nyttast andre stadar, men kanskje det er smartare å etablere eit driftsselskap med lokale eigarar, kommunen og Fjordvarme AS som står for planlegging, utbygging og drift.