Abonnementsinfo

Her finn de abonnementsinformasjon for det enkelte anlegg. Eksisterande kundar kan ta kontakt med Fjordvarme AS for brukarnamn og passord.

 

Nye kundar på Nordfjordeid:

 

1. Fjordvarmetilknyting (varme/kjøling)

 

Nettet er bygt ut med så høg kapasitet at også nye abonnentar kan få knyte seg til. Interesserte kan kontakte Fjordvarme AS v/ dagleg leiar Magne Hjelle, mobil 90826775, magne.hjelle@fjordvarme.no, Postboks 181, 6772 Nordfjordeid.

 

Besøk oss gjerne på vårt kontor i Moengården, Eidsgata 45.


Fjordvarme AS - kontaktskjema

 

Pris
Tilknytingsgebyr næringsbygg/offentlege bygg:
Satsane er gradert frå kr 50.000 til kr 250.000 + mva. Endeleg prisfastsetting er avhengig av dimensjonar for inntak i bygget, fastsett etter nærare avtale. Desse prisane gjeld for noverande prosjektomfang og er subsidierte gjennom tilskot til prosjektet. Tilknytingar ut over dei som ligg innanfor opprinneleg prosjektomfang, må pårekne høgare pris.
 

Tilknyting privatbustader:

kr 5.000 + mva pr bustad. 

 

Energipris

Energiprisen er satt etter sjølvkost prinisippet og er gitt per kvadratmeter. Den er i 2017 og 2018 kr 16/m2 + mva.

 

Varmesentralar og varmepumper

Om det skulle være ynskjeleg at vi driftar fleire av varmepumpene er det berre å kontakte Fjordvarme AS.

 

 

 

2. Tilknyting til gassnettet

 

I lag med fjordvarmerøra vart det ført fram gassrør. Gass har vore nytta av kundar til oppvarming, kjøkken eller i industrien.

 

Gassoperatør Gasnor AS trekte seg ut av drifta frå 22.01.2014. Frå same tidspunkt overtok Eid Fjordvarme KF forsyningsanlegget. Det vart også inngått avtale med Fjordvarme AS om å vere gassoperatør.

 

Til å bistå drifta, har Fjordvarme AS leigd inn GasTech AS og Ole Ivar Brekke. Ved spørsmål kan noverande og nye kunder ta kontakt med Fjordvarme AS ved Magne Hjelle på epost eller mobil (90826775), eller Brekke Energi og Kraft ved Ole Ivar Brekke på epost eller mobil (47417745).

 

Fjordvarme AS - kontaktskjema

 

 

 

3. Tilknyting til fibernettet

 

I lag med fjordvarmerøra er det ført fram trekkerør for fiber. Også bygg som ikkje er tilknytta fjordvarmenettet kan knytte seg til fibernettet. Eigar av fibernettet er SFE Nett AS. Det blir utvida i takt med etterspurnaden.

 

Fiberleverandør er Enivest AS. For meir informasjon kontakt Enivest AS.