Nytt vekslarhus

Torsdag 23.juni 2016

I samband med oppføring av nye bygg på Nordøyrane, har Eid Fjordvarme KF vedteke å utvide kapasiteten på fjordvarmenanlegget på Nordfjordeid. Dette vil også vere til nytte for eksisterande kundar. Det vil bli etablert eit nytt sjøvassinntak og vekslarhus, som vil ta over drifta mot kundar i sentrumsområdet syd for Fargarelva. Utforming og plassering av veklsarhuset er gjort i samarbeid med Sagastad. 


Bildet under syner ei skisse av frå forprosjektet.

 

 

Arbeid med å kople på nye rør mot eksisterande rørnett i Sjøgata er gjort. Neste steg no blir bygging av rørnett mot Moengården som blir gjennomført før sommarferien.

 

Det vil bli sirkulasjon mot nybygget til Moengården frå eksisterande vekslarhus i august.

 

Bygginga av nytt vekslarhus og inntak er planlagt med oppstart i oktober.

Vi kjem tilbake til når det nye vekslarhuset blir sett i drift.

Bruk av rørnett for Fjordvarme og gass

Fredag 29.mai 2015

I samband med fjordvarmeutbygginga frå 2003, vart det lagt fram rør for fjordvarme og gass til

ein del eigedomar og bygningar som framleis ikkje har teke fjordvarmen i bruk.

 

Vi sender difor i desse dagar ut eit brev til dei aktuelle byggeigarane med spørsmål om kva planar

dei har for å ta dette i bruk. Samstundes vil vi oppmode andre byggeigarar i nærleiken som kan være

interessert i å nytte fjordvarme til oppvarming eller kjøling, til å ta kontakt med oss i Fjordvarme!

 

Vi kan tilby hjelp til planlegging av varmepumpeinstallasjonar for dei som ønskjer dette.

 

Elles minner vi om at bruk av fjordvarme kan vere ei god løysing for bygg som etter offentlege pålegg må skifte ut oljefyringsanlegg.

 

Eid Fjordvarme KF har overtatt forsyningsanlegget for gass

I forbindelse med Fjordvarmeprosjektet vart det også lagt gassrør parallelt med fjordvarmerøra.

Gass har vore nytta av kundar til oppvarming - kjøkken eller i industrien.

 

Gassoperatør Gasnor AS trekte seg ut av drifta frå 22.01.2014. Frå same tidspunkt overtok Eid

Fjordvarme KF forsyningsanlegget. Det vart også inngått avtale med Fjordvarme AS om å vere gassoperatør.

 

Til å bistå drifta, har Fjordvarme AS leigd inn GasTech AS og Ole Ivar Brekke. Ved spørsmål kan

noverande og nye kunder ta kontakt med Fjordvarme AS eller Ole Ivar Brekke.

 

Kontakt Fjordvarme AS:

Magne Hjelle

908 26775

magne.hjelle@fjordvarme.no

 

eller

 

Ole Ivar Brekke

474 17745

beok@online.no

Kundemøte Fjordvarme.

Kundemøte Fjordvarme 2012 - 

 

 

 

 

I går kveld var det kundemøte for Fjordvarme. Ikkje alle kunder har kommet, men de største kundene Fjordvarme var der. For oss var det en suksess! Det er godt å høyre kva kundane tenkar og kva vi kan forbetre vår service og kunnskap. Våre kunder i Nordfjordeid er svært viktig for oss. Hvis du ikkje var der i går kveld, kan du alltid sende kommentarene til oss via e-post. Gode nyheiter er også alltid velkomen! :-) I alle fall, tusen takk for ditt engasjement!

 

Magne Hjelle, Stephan ter Stege, Arild Hjelmeland og Steven Johnsen

 

 

 

 

 

Kundeavis desember 2014

Før jul sendte vi ut ny kundeavis med siste oppdateringar om drifta av anlegget og nyheiter om selskapet.

Avisa kan lastas ned her.

Kundeavis august 2013

I august sendte vi ut en ny kundeavis med mykje nyttig informasjon om anlegget, drift og framtidige planar.

Du kan laste ned avisa her.

Totalt sender vi ut 2 kundeaviser per år.

Kundeavis desember 2012

Fjordvarme AS sende i desember ut ei kundeavis i desember 2012. Den kan du lese her eller laste ned.

2012-12-21_Fjordvarmenytt_nr._1_2012.pdf

Vidare vil vi sende ut 4 nummer pr år.

Nye fjordvarmebrukarar

Fredag 21.november 2008

Etter nyttår er to nye varmepumper sette i drift på fjordvarmenettet.

 

Les meir …

SFE Nett AS overtek fibernettet

Fredag 16.mai 2008

SFE Nett AS vil overta fibernettet som Eid Fjordvarme KF har bygt ut i 2002, 2003 og 2004.

Naturgass på nettet

Fredag 16.mai 2008

Ein ny milepæl er nådd. Rørnettet for naturgass vert teke i bruk 19.05.2008. SFE Naturgass AS startar då med leveranse til kundar på nettet.

 

Les meir …