Fjordvarmeprosjektet

Det var i lang tid jobba med enøktiltak på Nordfjordeid, spesielt i offentlege bygg. Nordfjord sjukehus står i ei særstilling i dette arbeidet og har i mange år vore det klart mest energieffektive sjukehuset i landet.

 

Ideen om Fjordvarmeprosjektet vart fødd i desse miljøa. Eid kommune ynskjer å bygge vidare på effektiv og miljøveneleg energibruk gjennom dette prosjektet.  Hovudprinsippa er føre lavtemperert vatn (ca 8 - 12 oC) frå 50 meters djupne i Eidsfjorden til lands og overføre energi ved varmeveksling mot ein ein vasskrets som er lagt i grove rør rundt om i Nordfjordeid sentrum, med stikkleidningar til dei bygningane som vert abonnentar. Temperaturen på 8 - 12 oC  gir gunstige høve for oppvarming ved hjelp av varmepumper og direkte kjøling av ventilasjonsluft. I tillegg kan fjordvarmerøra nyttast til å bli kvitt oveorskotsvarme.

 

Også privatbustader som ligg lagleg til, kan kople seg til nettet.  Dette er eit mykje enklare alternativ enn boring etter grunnvatn, som alternativt kan nyttast til varmepumpedrift.

 

 

 

Rimeleg energi som næringsutvikling 
Utgangspunktet var Eid kommune sitt behov for å redusere energikostnader for eigne bygg, men i forprosjektfasen såg vi at også andre byggeigarar kunne få dei same fordelane ved å tenkje større.

 

I enøksamanheng tenkjer vi oftast på energikostnader knytt til oppvarming, men også kjøling kostar. Varmen sommartid er eit problem i svært mange bygg og har negativ innverknad på det fysiske arbeidsmiljøet, med redusert trivsel og effektivitet som resultat. Fjordvarmen som er 8-12 grader kan levere denne kjølinga og dermed betre innemiljøet betratleg på sommaren.

 

 

Fjordvarmeanlegget drivast etter sjølvkostprinsippet, der abonnentane får maksimal innsparing av drifta. ENOVA støttar i dag væske til vann varmepumper med inntil 30 000 kr for privat personar.

 

I tillegg til rimeleg energi for næringslivet, er det og eit mål å kunne bygge opp eit miljø med stor kunnskap om enøkteknologi som kan vidareføre fjordvarmeteknologien ut over lokalmiljøet.

 

 

Stor overføringsverdi
Svært mange tettstader i Noreg ligg nær ved ei vasskjelde som kan nyttast på same viset som Eidsfjorden i fjordvarmeprosjektet. Eit vellukka prosjekt på Nordfjordeid er derfor eit mønsterprosjekt for andre tettstader og kan gje eit etterlengta løft for effektiv energibruk og utbreiing av vassbaserte varmepumper på landsbasis. Fjordvarmeprosjektet er eit pilotprosjekt og har fått støtte frå Enova, Kommunal og regionaldepartementet, Statens forureiningstilsyn og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

 

 

Meir om fjordvarmekonsptet finn du i denne linken.

 

Samarbeidspartnarar

Når vi først skulle sette i gang omfattande graving i Nordfjordeid tettstad, meinte vi det var viktig å tenkje langsiktig på alle typar infrastruktur. I fjordvarmegrøftene, der det ligg rør for lavtemperert vatn, er det også lagt trekkerøyr for fiber for ulike aktørar, gassrør og på nokre strekningar høgspentkablar, vass- og avløpsrør. Alle medaktørane betaler grøftebidrag med ein kostnad som ligg under kostnaden ved separat utbygging.  I tillegg til effektiv legging blir arbeidet også synkronisert med opprusting av infrastrukturen i sentrum, som t.d. opprusting av Eidsgata (hovudgata), oppgradering av sjøfronten i Sjøgata og bygging av fortau i Skulevegen og langs Fargarelva. 

 

Fjordvarme AS har dermed opparbeida seg eit nettverk av samarbeidspartnarar som har vore med på pilotprosjektet, ”Fjordvarmeprosjektet” på Nordfjordeid.

Samla sett har desse ein særs god kompetanse for å kunne bygge ut og drifte tilsvarande anlegg andre stadar.

 

 

Bidragsytarar

image043Fjordvarmeprosjektet var eit pilotprosjekt der både gammal og ny teknologi vert kopla i ei omfattande utbygging for eit heilt lokalsamfunn. Planleggingsdelen var kompleks og kostnaden vert høgare enn ved tradisjonelle prosjekt. Det er også ein risiko knytt til eit pilotprosjekt.


Eid kommune er i utgangspunktet ei kommune med lave inntekter og små frie midlar til disposisjon for drift og investeringar. Utan støtte frå andre bidragsytarar ville ikkje prosjektet kunne realiserast i det omfanget det har fått.

Innovasjon Norge har gjeve utviklingstilskot som gjer det mogleg for Fjordvarme AS å tilby tenester og produkt for andre utbyggjarar.

 

 

 

Kontakt Fjordvarme for tilgang / nærare informasjon.

Medaktørar

Ein vesentleg føresetnad for å kunne gjennomføre utbygginga av Fjordvarmeprosjektet, har vore å tenkje samordning av infrastruktur på flest mogeleg område. Alle med utbyggingsplanar i sentrum vart involvert. Med ei koordinert utbygging gjennom Fjordvarmeprosjektet, har fleire medaktørar fått realisert sine utbyggingsplanar til ein konkurransedyktig pris.


For Fjordvarmeprosjektet har dette gjeve eit positiv bidrag til finansieringa, noko som har vore svært viktig for å få til ei utbygging for heile tettstaden Nordfjordeid.
I tillegg til økonomisk gevinst for alle partar med å dele på grøftekostnadene, oppnår vi ei samordna utbygging i Nordfjordeid tettstad som folk flest oppfattar som fornuftig. Dette har gjort det lettare å få aksept for den omfattande gravinga i sentrumsområdet. Trass i omfattande gravearbeid frå hausten 2002, har utbygginga fått positiv omtale både i pressa og i lokalmiljøet.

Energiselskap


Telekommunikasjonsaktørar


Kommune

Samarbeid ved utbygging av gang- og sykkelveg samtidig som legging av fjordvarmerøra.


Idrettslag

I samarbeid med Eid IL Fotball er det lagt varme i kunstgrassbana.


Breibandsleverandør

Det er samband med utbygginga bygt ut eit fiberbasert breibandsnett. Eigar av nettet var Eid Fjordvarme KF, som overdrog eigarskapen til SFE Nett AS i 2008. Fibernettet gjev ein uvanleg høg del av næringsliv og offentlege etatar tilgang til internett/lokalnett via fiber og medverkar til høg aktivitet i bruk og produksjon av breibandstenester.


Naturgassleverandør

Eid Fjordvarme KF har lagt distribusjonsrør for naturgass i alle grøftene og inngår avtalar med abonnentane, samt monterar naudsynt endeutstyr hos dei. Det er spleiselaget på grøftekostnadene som gjer framføring av gassleidninga mogleg i dette omfanget. 

Kontakt Fjordvarme
for tilgang/nærare informasjon.

Rådgjevarar

 

Frå starten av har Eid kommune nytta fleire eksterne rådgjevarar for gjennomføring av Fjordvarmeprosjektet. God planlegging er avgjerande for å kunne realisere slike prosjekt. Ved pilotprosjekt vert planlegginga spesielt viktig.


Dei rådgjevarane som har teke del i arbeidet på kvar sine felt har gjennom prosjektet opparbeidd seg kompetanse som vil kome til nytte i andre prosjekt seinare.

Kontakt Fjordvarme for tilgang/nærare informasjon.

Leverandørar

I samband med utbygging av fjordvarmeprosjektet har det vore nytta mange entreprenørar og utstyrsleverandørar.


Lokale verksemder har bygt opp sin kompetanse gjennom deltaking i utbyggingsprosjektet. Denne kompetansen gjev det lokale næringsliv betre høve til å møte framtidige utfordringar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Kontakt Fjordvarme
for tilgang/nærare informasjon.