Termiskenergi

Termiskenergi er energi lagra i eit matrial. Den energien utnyttast til varme, kjøling eller elektrisitet. Energien kan komme som lav temperert energikjelder eller høg temperert energikjelder.

 

For lav temperert energikjelder, som fjordvarme, nyttar ein i all hovudsak til varme og kjøling. Sidan energikjelda er lavtemperert nyttar ein varmepumpe til å heve energien til ønska temperatur eller ein kan nytte kjelda direkte til kjøling eller der ein treng lav varme (t.d. snøsmelting). Lav tempererte energikjelder er fjord, hav, ferskvatn, lausmasse/jord, fjell/berg, grunnvatn, luft, gråvann, sol og varme frå industri.

 

Høg tempererte energikjelder kan nyttast til varme og elektrisitetproduksjon. Dette er energikjelder som grunnvarme, varme frå industri, biobrensel, avfallsforbrenning og konsentrert sol.

 

Kjøling gjennom ventilasjonsluft er enkelt og rimeleg for bygg som er knytt til lav tempererte energikjelder, som fjordvarme. Temperaturen er ideell og kan nyttast direkte til fri-kjøling ved hjelp av kjølebatteri. Dette vil bidra til å gje godt inneklima mellom anna i skular og kontorbygg eller for eksempel til datarom-kjøling.

 

Ta kontakt med Fjordvarme vedrørande spørsmål omkring varmepumpeteknologi og andre termiske energikjelder.