Miljø og politikk

Onsdag 15.november 2017

Det har dei seinare åra vorte vektlagt at vi må satse på alternative energi, fornybare energikjelder. Slik Noreg skal redusere utsleppa med 22,9 mill tonn CO2 fram til 2030 i forhold til 2015 og bedre miljø og klima lokalt og globalt. Både lokalt, nasjonalt og globalt har det vorte utarbeidd planer og mål for korleis denne omlegginga kan skje.

 

For å møte desse måla har regjeringa satt i gang ulike tiltak. 

  • Det er forbod mot fossiltbrennsel i 2020
  • Det er innført strengare byggekrav i byggtekniske forskrifter (TEK17). Strenge krav til maks energibruk per m2 brukt til oppvarming og minimum 60% av energien til oppvarminga skal komme frå energifleksibel oppvarming. Andel energifleksibel oppvarming omfattar bygg større enn 1000 m2 og er energi frå fornybar energikjelder. Dette inkluderar ikkje elektrisitet og fossilt brensel. 
  • ENOVA støttar økonomisk, både private og bedrifter, bruk av fornybarenergi til oppvarming, kjøling og elektrisitet.
  • NVE organiserar elsertifikat, og har gjort det mogleg med opprinnelsesgaranti og bli plusskunde.
  • Innovasjon Norge har tiltak retta mot bønder, skogseigarar og mindre selskap. 
  • I tillegg har enkelte kommunar og fylke eigne tiltak.
    • Sogn og Fjordane støttar blant anna miljøsertifisering, hurtigladestasjonar og ENØK-tiltak. 

 

Eit godt tiltak for å møte 2030 måla er fjordvarmekonseptet, som utnyttar ei fornybar energikjelde. Det utnyttar energi frå fjorden og fører til redusert ureining og redusert utslepp av giftige stoff. Fjordvarmeprosjektet på Nordfjordeid er eit pilotprosjekt og dei erfaringane som vært gjort her kan nyttast i tilsvarande prosjekt over store delar av jordkloden.

Forbod mot fossilt brennsel i 2020

Onsdag 15.november 2017

Visste du at frå 2020 blir det forbode med bruk av mineralolje (fyringsolje og paraffin) til oppvarming av bygg, både til grunnlast (normal oppvarming) og spisslast (ekstra oppvarming dei kaldaste dagane). Dette vart bestemt av regjeringa 15 juni i 2017. Forbudet gjeld ikkje fritidsboligar utan tilknytting til strømnettet, samt midlertidige bygg og driftsbyggningar i landbruk. Oppvarming med oljefyrar og oljekammin med tilhøyrande tank blir derfor forbudt i 2020. Dette omfattar ein plass mellom 60 000 til 80 000 oljefyrar, ca 60 000 parafinkaminar og 320 000 oljetankar i norske boligar. Årlig vil dette redusere utsleppet 340 000 tonn med CO2 eller ca 6 tonn CO2 per bustad. 

 

For å møte dette forbodet støttar ENOVA fjerning av oljefyr og tank med 20 000 kr og fjerning av oljekamin og tank med 6 000 kr. I tillegg støttar ENOVA andre varmeløysningar, som til dømes solfangera og væske til vann varmepumpe. Vi kan bistå med å finne den rette for deg.

 

Andre grunnar til å skifte energikjelde er oljeprisen er høg i forhold til alternative energikjelder og verknadsgraden på eldre kaminar og ovnar er dårleg. Derfor vil alternativ varmeløysningar føre til lågare driftskostnadar og mindre utslepp. Kor mykje ein sparar er avhengig av varmeløysinga ein velger.

 

Tankane bør fjernast fordi det er fare for oljelekasjar. Ein lekasje får konsekvensar for miljø, helse og økonomi, og det er kvar huseigar som har ansvar for oljetanken og skader som følgje av lekasje frå oljetanken.

 

Det er eit mål i framtida at også midlertidige bygg og driftsbyggningar i landbruket skal vere oljefri og derfor er dette på høyring frå 15 juni 2017. Vidare mål frå regjeringa er å fjerne bruk av gass til oppvarming og fjerne bruk av olje til dekking av effekttoppar for fjernvarmeanlegg, samt redusere bruk av fossilt brennsel i bygge- og anleggsvirksomheit.