Mål

Noreg har påtatt seg eit ansvar og redusere CO2 utsleppet med 40% i forhold til 1990 nivå innan 2030. Nivået var i 1990 51,7 millionar tonn CO2 og målet i 2030 er dermed 31 millionar tonn CO2. I forhold til data frå SSB i 2015 (53,9 mill tonn) må Noreg redusere utsleppet med 22,9 mill tonn CO2 dei neste 13 åra.

 

Samtidig har Noreg forplikta seg til å auke andelen fornybar produksjon frå 64.5% til 67.5% innan 2020 og har som mål å vere klima nøytralt innan 2050. Dette er beskreve i klimaforliket i Stortinget.

St.meld. nr. 29 

Stortinget har gjennom stortingsmelding 29 lagt fram sine føringar for nasjonal energipolitikk.

 

Meldinga tek ikkje mål av seg til å drøfte alle spørsmål som kan være aktuelle. Men det er lagt vekt på å klargjere:

  • mål og strategiar for energipolitikken
  • føresetnadane for innanlandsk energipolitikk
  • politikken for omlegging av energiforbruk og energiproduksjon
  • opplegg for nye kontraktar mellom Statkraft SF og einskilde bedrifter.
  • Fjordvarmeprosjektet på Nordfjordeid er eit viktig bidrag til at Stortinget sine mål vært oppfylde.

 

St. meld nr. 29

Agenda 21

image022FNs toppmøte om miljø og utvikling i Brasil i 1992 samla representantar frå 179 land. Dei vedtok mellom anna Agenda 21, ein handlingsplan for bærekraftig utvikling i det 21. århundre. Bærekraftig utvikling (sustainable development) er utvikling som imøtekommer behova til dagens generasjon uten å redusere moglegheitane for kommande generasjonar til å dekke sine behov. Å utnytte energien fornybar energi er med på å sikre ei bærekraftig utvikling av våre lokalsamfunn og på miljøet globalt.


Er du interessert i miljøpolitikk kan du lese meir på lokal agenda 21 sine heimesider.