Energipolitikk

Det har dei seinare åra vorte vektlagt at vi må satse på alternative, fornybare energikjelder. Både lokalt, nasjonalt og globalt har det vorte utarbeidd planer og mål for korleis denne omlegginga kan skje. Fjordvarmekonseptet eller løysinga utnyttar ei fornybar energikjelde, energien frå fjorden ureinar ikkje. Fjordvarmekonseptet passar godt inn i dei planane som er lagt for å nytte fornybare energikjelder og for å redusere ureining og utslepp av giftige stoff.

 

Fjordvarmeprosjektet på Nordfjordeid er eit pilotprosjekt. Dei erfaringane som vært gjort her kan nyttast i tilsvarande prosjekt over store delar av jordkloden.

 

St.meld. nr. 29 

Stortinget har gjennom stortingsmelding 29 lagt fram sine føringar for nasjonal energipolitikk.

Meldinga tek ikkje mål av seg til å drøfte alle spørsmål som kan være aktuelle. Men det er lagt vekt på å klargjere:

  • mål og strategiar for energipolitikken
  • føresetnadane for innanlandsk energipolitikk
  • politikken for omlegging av energiforbruk og energiproduksjon
  • opplegg for nye kontraktar mellom Statkraft SF og einskilde bedrifter.
  • Fjordvarmeprosjektet på Nordfjordeid er eit viktig bidrag til at Stortinget sine mål vært oppfylde.


St. meld nr. 29

 

Fylkesplan for Sogn og Fjordane

Fylkesdelplanen skal samordne nasjonal og lokal politikk, omsette nasjonale mål til regionalt og lokalt nivå og kommunisere synspunkt frå regionalt og lokalt nivå mot nasjonale styresmakter. Fylkeskommunen har sett Fjordvarmekonseptet som eit viktig element i dette arbeidet.

Fylkesplan for klima og energi