Abonnementsinfo

Her finn de abonnementsinformasjon for det enkelte anlegg. Eksisterande kundar kan ta kontakt med Fjordvarme AS for brukarnamn og passord.

 

Nye kundar på Nordfjordeid:

 

1. Fjordvarmetilknyting (varme/kjøling)

 

Nettet er bygt ut med så høg kapasitet at også nye abonnentar kan få knyte seg til. Interesserte kan kontakte Fjordvarme AS v/ dagleg leiar Magne Hjelle, mobil 90826775, magne.hjelle@fjordvarme.no, Postboks 181, 6772 Nordfjordeid.

 

Besøk oss gjerne på vårt kontor i Moengården, Eidsgata 45.


Fjordvarme AS - kontaktskjema

 

Pris
Tilknytingsgebyr næringsbygg/offentlege bygg:
Satsane er gradert frå kr 50.000 til kr 350.000 + mva. Endeleg prisfastsetting er avhengig av dimensjonar for inntak i bygget, fastsett etter nærare avtale. Desse prisane gjeld for noverande prosjektomfang og er subsidierte gjennom tilskot til prosjektet. Tilknytingar ut over dei som ligg innanfor opprinneleg prosjektomfang, må pårekne høgare pris.
 

Tilknyting privatbustader:

kr 5.000 + mva pr bustad. 

 

Energipris

Energiprisen er satt etter sjølvkost prinisippet og er gitt per kvadratmeter. Den er i 2018 kr 16/m2 + mva.

 

Varmesentralar og varmepumper

Om det skulle være ynskjeleg at vi driftar fleire av varmepumpene er det berre å kontakte Fjordvarme AS.

 

 

 

2. Naturgass

 

Drifta av naturgass er lagt ned frå 01.10.2018.

 

 

 

3. Tilknyting til fibernettet

  

Fiberleverandør er Enivest AS. For meir informasjon kontakt Enivest AS.