Fjordvarme AS - om selskapet

 

I Eid kommune i Nordfjord er det satsa tungt på fjordvarme som energikjelde.  Fjordvarme AS har gjennom mange år jobba med å utvikle gode løysingar for bruk av energi frå sjøvatn til oppvarming og kjøling av bygningar. Desse løysingane kjem no til nytte for andre tettstader, byar eller utbyggingsprosjekt langs kysten vår.

 

Fjordvarmeanlegget gjev rein og fornybar energi både til verksemder, offentlege bygg og bustader i kommunesenteret Nordfjordeid. Så langt er 53 varmepumpeanlegg i drift. Samla bygningsmasse som nyttar anlgget til oppvarming og kjøling er på meir enn 90.000 m2. Kapasiteten til anlegget er utvida våren 2017 gjennom bygging av eit nytt sjøinntak med tilhøyrane vekslarhus og tekniske installasjonar.

 

Gode løysingar er no utvikla og tilgjengeleg for marknaden. Erfaringane frå planlegging, utbygging og 13 års drift på Nordfjordeid gjer at det er enklare og rimelegare for andre å kome i gang med utbygging enn det var for pilotkommunen Eid. Vi ønskjer å bidra til ei større satsing på fjordvarmeanlegg i dei mange byane og tettstadene langs kysten. Kommunar og energiselskap er sentrale aktørar for å kome i gang med store prosjekt i utbygde område. I tillegg kan eigarar av sjønære utbyggingsområde sjølve ta seg av utbygginga på sine eigedomar.

 

Nordplan AS er no hovudeigar i Fjordvarme AS, som held fram med å vere ein uavhengig rådgjevar. Fjordvarme AS leverer tenester knytt til prosjektadministrasjon, prosjektering og drift av energianlegg basert på fornybar energi, samt energibruk i bygg. Nordplan AS har også overteke Enøk-senteret AS. Vidare utvikling av tenester og kompetanse for Fjordvarme AS vil skje i samarbeid med Nordplan og Enøk-senteret. Samla er det i dag 10 energirådgjevarar i desse selskapa til saman.

 

 

Forretningsidé

Fjordvarme AS er ein uavhengig rådgjevar som leverer tenester knytt til prosjektadministrasjon, prosjektering og drift av energianlegg, fornybare energiløysingar og energibruk i bygg.


Organisasjon

Dagleg leiar, Magne Hjelle, mobil 908 26 775

Prosjektingeniør, Lars Ivar Kjesbu, mobil 905 22 458
 

Styret
Styreleiar, Arne Steinsvik

Styremedlem, Margot Aasebø
Styremedlem, Sigmund Vereide
Styremedlem, Ivar Bjarte Nord