Kompetansesenter

Svært mange tettstader i Noreg ligg nær ved ei vasskjelde som kan nyttast på same viset som Eidsfjorden i Fjordvarmeprosjektet. Eit vellukka prosjekt på Nordfjordeid kan difor vere eit mønsterprosjekt for andre tettstader og kan gje eit etterlengta løft for effektiv energibruk og utbreiing av vassbaserte varmepumper på landsbasis. Fjordvarmeprosjektet er eit pilotprosjekt og har fått støtte frå Enova, Kommunal og regionaldepartementet, Statens forureiningstilsyn og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fjordvarme AS skal utvikle tenester knytt til energileveransar frå sjø, samt stå for drifting av fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid.

Det er no gjennomført eit forprosjekt der ein har vurdert grunnlaget for å utvikle Fjordvarme AS til eit kompetansesenter for fjordvarme. Ein har i forprosjektet òg vurdert kva tenester og marknader det er naturleg å utvikle og tilby.

Informasjon
Generell informasjon om fjordvarme,  referanseprosjekt og kompetansenettverket rundt Fjordvarme AS

Kurs/seminar/konferansar

Det vil vere ein viktig funksjon for Fjordvarme AS å utvikle produkt innan kurs/seminar/konferansar for å framstå som eit leiande kompetansesenter.

Infomateriell
Viser til menypunkt, referansar.

Eksterne prosjekt
Link til referansar og prosjekt under arbeid finn du her.

Faktaark
finn du her