Fjordvarmeprosjektet på Nordfjordeid

Det har i lang tid vore jobba med enøktiltak på Nordfjordeid, spesielt i offentlege bygg. Nordfjord sjukehus står i ei særstilling i dette arbeidet og har i mange år vore det klart mest energieffektive sjukehuset i landet.

 

Ideen om Fjordvarmeprosjektet vart fødd i desse miljøa. Eid kommune ynskjer å bygge vidare på effektiv og miljøveneleg energibruk gjennom dette prosjektet.  Hovudprinsippa er føre lavtemperert vatn (ca 8 - 12 oC) frå 50 meters djupne i Eidsfjorden til lands og overføre energi ved varmeveksling mot ein ein vasskrets som er lagt i grove rør rundt om i Nordfjordeid sentrum, med stikkleidningar til dei bygningane som vert abonnentar. Temperaturen på 8 - 12 oC  gir gunstige høve for oppvarming ved hjelp av varmepumper og direkte kjøling av ventilasjonsluft. I tillegg kan fjordvarmerøra nyttast til å bli kvitt oveorskotsvarme.

 

Også privatbustader som ligg lagleg til, kan  kople seg til nettet.  Dette er eit mykje enklare alternativ enn boring etter grunnvatn, som alternativt kan nyttast til varmepumpedrift.

 

 

 

Rimeleg energi som næringsutvikling 
Utgangspunktet var Eid kommune sitt behov for å redusere energikostnader for eigne bygg, men i forprosjektfasen såg vi at også andre byggeigarar kunne få dei same fordelane ved å tenkje større.

 

Fjordvarmeanlegget skal drivast etter sjølvkostprinsippet, der abonnentane får maksimal innsparing av drifta. Fram til sommaren 2010, fekk den einskilde byggeigar inntil 20 % tilskot til investering i varmepumpe gjennom Enova, men må elles betale tilknytingsgebyr og innomhus kostnader ved installasjon av varmepumpa. Frå andre halvår 2010 kan det ikkje påreknast tilskot frå Enova fordi midlane er brukt opp.

 

I enøksamanheng tenkjer vi oftast på energikostnader knytt til oppvarming, men også kjøling kostar. Varmen sommartid er eit problem i svært mange bygg og har negativ innverknad på det fysiske arbeidsmiljøet, med redusert trivsel og effektivitet som resultat. 

 

I tillegg til rimeleg energi for næringslivet, er det og eit mål å kunne bygge opp eit miljø med stor kunnskap om enøkteknologi som kan vidareføre fjordvarmeteknologien ut over lokalmiljøet.

Samkøyrt utbygging
Når vi først skulle sette i gang omfattande graving i Nordfjordeid tettstad, meinte vi det var viktig å tenkje langsiktig på alle typar infrastruktur. I fjordvarmegrøftene, der det ligg rør for lavtemperert vatn, er det også lagt trekkerøyr for fiber for ulike aktørar, gassrør og på nokre strekningar høgspentkablar, vass- og avløpsrør. Alle medaktørane betaler grøftebidrag med ein kostnad som ligg under kostnaden ved separat utbygging.  I tillegg til effektiv legging blir arbeidet også synkronisert med opprusting av infrastrukturen i sentrum, som t.d. opprusting av Eidsgata (hovudgata), oppgradering av sjøfronten i Sjøgata og bygging av fortau i Skulevegen og langs Fargarelva. 


Lokalt fiberbasert breibandsnett 
Det er også i samband med utbygginga bygt ut eit fiberbasert breibandsnett. Eigar av nettet var Eid Fjordvarme KF, som overdrog eigarskapen til SFE Nett AS i 2008. Fibernettet gjev ein uvanleg høg del av næringsliv og offentlege etatar tilgang til internett/lokalnett via fiber og medverkar til høg aktivitet i bruk og produksjon av breibandstenester.

Gassnett
Eid Fjordvarme KF har lagt distribusjonsrør for naturgass i alle grøftene.  Gassnettet vert leigd ut til Gasnor AS (tidlegare SFE Naturgass AS) som forsyner nettet med gass frå eit tankanlegg. Operatøren inngår avtalar med abonnentane og monterer naudsynt endeutstyr hos dei.  Det er spleiselaget på grøftekostnadene som gjer framføring av gassleidninga mogleg i dette omfanget. 

Stor overføringsverdi
Svært mange tettstader i Noreg ligg nær ved ei vasskjelde som kan nyttast på same viset som Eidsfjorden i Fjordvarmeprosjektet. Eit vellukka prosjekt på Nordfjordeid kan difor vere eit mønsterprosjekt for andre tettstader og kan gje eit etterlengta løft for effektiv energibruk og utbreiing av vassbaserte varmepumper på landsbasis. Fjordvarmeprosjektet er eit pilotprosjekt og har fått støtte frå Enova, Kommunal og regionaldepartementet, Statens forureiningstilsyn og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Kontakt Fjordvarme for tilgang / nærare informasjon.