Eid Fjordvarme

Fjordvarmeanlegget Nordfjordeid

Fjordvarme har utvikla og drifta fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid sidan 2004. Det omfattar drift og vedlikehald av anlegg, samt drift av varmepumpeanlegg hos enkelte kundar.

Referanseprosjekt


Rimeleg energi

Fjordvarmeanlegget gjev kundar på Nordfjordeid tilgang til rimeleg energi til oppvarming og kjøling. Det er opna for at både næringsliv, offentlige bygningar og husstandar kan få knyte seg til anlegget. Kundane har gjennom fjordvarmeanlegget fått eit tilbod utan sidestykke i Noreg.

Lokalt eigarskap

Eid Fjordvarme KF er eigar av fjordvarmeanlegget.

Det er vedteke av kommunestyret at anlegget skal driftast etter sjølvkostprinsippet. Det vil seie at alle kostnadar som er knytt opp mot drift og vedlikehald, samt finansutgifter knytt til investeringar, vert sett skilt ut i ein eigen rekneskap for anlegget.

Abonnementsinfo

Fjordvarmenettet er bygt ut med høg kapasitet slik at nye abonnentar kan tilknyttast. Interesserte kan kontakte Fjordvarme AS.

Pris

Tilknytingsgebyr næringsbygg/offentlege bygg:
Satsane er gradert frå kr 50.000 til kr 350.000 + mva. Endeleg prisfastsetting vert fastsett etter nærare avtale. 
 

Tilknytingsgebyr bustader:

kr 5.000 + mva pr bustad. 

 

Årsgebyr

Årsgebyret vert fastsett etter sjølvkostprinisippet og er gitt pr kvadratmeter bygningsmasse (BRA). 

I 2018 er prisen 16 kr pr m2 + mva.

I 2019 er prisen 17 kr pr m2 + mva.

 

Lokale varmepumpeanlegg

Fjordvarme AS har avtale om driftsoppfølging for fleire lokale varmepumpeanlegg. Vi har avtale med Brekke Energi og Kraft for gjennomføring av driftsoppfølginga. Ta kontakt om du ønskjer eit tilbod på driftsoppfølging.