Ledige stillingar

VA-ingeniør

Som innbyggar i nye Stad kommune vil du få tilgang til gode offentlege tilbod med full barnehagedekning, høg kvalitet på skule/ kulturskule, trygge oppvekstvilkår for born og unge og eit svært variert fritidstilbod. Her kan vi mellom anna nemne friluftsliv, ski, toppturar, klatring, surfing, laksefiske, jakt, golf og musikkaktivitetar frå rock til opera. Ta ein titt på Visit Nordfjord og Nordfjord Reiseguide for inspirasjon. Det er ledige tomter i kommunale bustadfelt og mange private bustadprosjekt under oppføring. For dei som ønskjer å finne seg eit lite småbruk kan også dette vere mogeleg.

På grunn av stor aktivitet på VA-området, har vi behov for å rekruttere fleire medarbeidarar til prosjektering av VA-anlegg. Andre oppgåver kan også vere aktuelt. Vi ønskjer primært å tilsette ved kontoret vårt på Nordfjordeid.

Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

• Ingeniør eller sivilingeniør, med veg- og VA-fag eller hydrologi
• Erfaring med prosjektering eller utbygging av VA-anlegg
• Engasjert, nøyaktig, god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

 Vi kan tilby:

• Fleksibel arbeidstid
• Konkurransedyktig løn
• Pensjonsordning
• Utfordrande arbeidsoppgåver med stort ansvar og høve til personleg utvikling
• Godt tverrfagleg miljø saman med Nordplan og Enøk-senteret
• Moderne arbeidsverktøy som Novapoint, AutoCAD, Epanet, Epa SWMM
• Hjelp til å finne bustad og jobb til ektefelle/sambuar om det er ønske om dette.

Søknadsfrist: 30.04.2021

For nærare informasjon kontakt dagleg leiar Magne Hjelle (908 26775 | magne.hjelle@fjordvarme.no), eller Arild Lote Henden (907 27106 | arild.lote.henden@fjordvarme.no).

Søknad vedlagt CV kan sendast pr. E-post til dagleg leiar.

2019-9 Stillingsannonse VA-ingeniør Fjordvarme AS-Stad.bmp