Fjordvarmeanlegget i Førde

Fjordvarme AS har vore med og utvikla fjordvarmeprosjektet i Førde sidan 2010. Vi har gjennomført forstudie, forprosjekt, konsesjonsøknader, Enova-søknader, hovudprosjekt, prosjektleiing og bistår med drift. 

Initiativtakar for fjordvarmeanlegget i Førde var Sunnfjord Energi AS. Sunnfjord Energi AS, BKK Varme AS og Førde kommune etablerte i 2015 Førdefjorden Energi AS, for utbygging og drift av anlegget.

Fyrste byggetrinn er ferdig utbygd og sett i drift. 

Byggherre: Førdefjoden Energi AS
Fagområde: Termisk energi, drift av energianlegg, energibruk i bygg
Stad: Førde
Areal: 267 000 m2
År: 2010-til dags dato
Installert effekt: 16 200 kW
Fornybar energi: 22 400 MWh