Termisk energi

Termisk energi

Termisk energi er energi lagra i eit matrial. Den energien kan utnyttast til varme, kjøling eller elektrisitet.

Referanseprosjekt

Fornybare energianlegg, som til dømes fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid, er i praksis klima- og miljøtiltak som nyttar. Energikjeldene kan dekke energibehov til varme og kjøling. I tillegg gjev lokal fornybar energi betre forsyningsikkerheit og reduserer importavhengigheit. 

Energien kan kome frå lav- eller høgtempererte energikjelder. Lavtempererte energikjelder, som fjordvarme, nyttar ein i all hovudsak til varme og kjøling i bygningar. Sidan energikjelda er lavtemperert, treng ein varmepumpe til å heve temperaturen til ønska nivå. Ein kan også nytte energikjelda direkte til kjøling. Eksempel på lavtempererte energikjelder er sjøvatn, ferskvatn, grunnvatn, lausmasser/jord, fjell og berg, sol, luft, ventilasjonsavkast og avløpsvatn.

Høgtempererte energikjelder kan nyttast til varme og elektrisitetproduksjon. Eksempel på høgtempererte energikjelder er grunnvarme frå djupe borehol, sol, biobrensel og avfallsforbrenning. Spillvarme frå industri kan også vere aktuelt enkelte stader.

Med lavtempererte energikjelder, kan miljøvennleg kjøling utnyttast enkelt og rimeleg. Dette bidrar til at ein får kontroll på innetemperaturen i bygget, noko som er viktig i mellom anna forretningsbygg, kontorbygg, sjukehus, omsorgsbygg og skulebygg. I tillegg er kjøling av datarom ofte aktuelt.

Vi tilbyr prosjektadministrasjon og rådgjeving for å finne dei rette løysningane for ditt bygg.

Prosjektadministrasjon

Fjordvarme kan tilby prosjektadministrasjon, prosjektutvikling og analyse for alle termiske energianlegg, frå ide til drift. Saman med Nordplan og Enøk-senteret kan Fjordvarme gjennomføre prosjekter med høg kompetanse, kvalitet og presisjon.

Forstudie/initeringsfasen

Fyrste analyse der målsettinga er å avklare om kva som er den beste fornybare energiløysinga.

Forprosjekt

Design av fornybare energianlegg med kostnadsoverslag. 

Konsesjonssøknad

Søknad om konsesjon etter Energilova der dette er aktuelt.

Enova-søknad

Søknad om støtte til prosjektet. Enova har gode støtteordningar for utbyggarar, bedrifter og byggeigerar. Dei støttar energitiltak som aukar bruk av fornybar energi og reduserar effekttoppar i straumnettet. 

Andre støttesøknader

Søknad om støtte frå andre aktørar enn Enova til prosjektet. Det kan vere Innovasjon Norge, fylkeskommunen med meir. 

Hovudprosjekt og prosjektering

Prosjektering av fornybare energianlegg som grunnlag for innhenting av tilbod. 

Prosjektleiing

Prosjektleiing for fornybare energianlegg i prosjekteringsfasen og byggefasen. 

Byggeleiing

Byggeleiing for fornybare energianlegg i byggefasen. 


Kundegrupper

- Kommuner
- Energiselskap
- Eigedomsutviklarar
- Byggeigarar