Elektrisk energi

Elektrisk energi

Elektrisk energi er energi lagra i eit elektrisk felt og blir overført gjennom leidningar og kablar. Elektrisk energi er høgverdig energi som bør nyttast til andre formål enn oppvarming, for eksempel datamaskiner, tekniske anlegg, lys med meir.

Fornybare energianlegg for produksjon av elkraft er eksempel på klima- og miljøtiltak som nyttar. I tillegg gjev lokal fornybar energi betre forsyningsikkerheit og reduserer importavhengigheit. 

Ein kan generere elektrisk energi frå sol, vatn, vind, tidevatn, havstraumar, bølgjer og osmose.

Vi tilbyr rådgjeving for å finne den rette løysinga for ditt behov.

Prosjektadministrasjon

Fjordvarme kan tilby prosjektadministrasjon, prosjektutvikling og analyse for alle termiske energianlegg, frå ide til drift. Saman med Nordplan AS og andre samarbeidspartnarar kan Fjordvarme gjennomføre prosjektet med høg kompetanse, kvalitet og presisjon.

Forstudie/initeringsfasen

Fyrste analyse der målsettinga er å avklare om kva som er den beste fornybare energiløysinga.

Forprosjekt

Design av fornybare energianlegg med kostnadsoverslag. 

Konsesjonssøknad

Søknad om konsesjon etter Energilova der dette er aktuelt.

Enova-søknad

Søknad om støtte til prosjektet. Enova har gode støtteordningar for utbyggarar, bedrifter og byggeigerar. Dei støttar energitiltak som aukar bruk av fornybar energi og reduserar effekttoppar i straumnettet. 

Andre støttesøknader

Søknad om støtte frå andre aktørar enn Enova til prosjektet. Det kan vere Innovasjon Norge, fylkeskommunen med meir. 

Hovudprosjekt og prosjektering

Prosjektering av fornybare energianlegg som grunnlag for innhenting av tilbod. 

Prosjektleiing

Prosjektleiing for fornybare energianlegg i prosjekteringsfasen og byggefasen. 

Byggeleiing

Byggeleiing for fornybare energianlegg i byggefasen.