Fjordvarme

Termisk energi

Termisk energi er energi lagra i eit matrial. Den energien kan utnyttast til varme, kjøling eller elektrisitet.

Referanseprosjekt

Fornybare energianlegg, som til dømes fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid, er i praksis klima- og miljøtiltak som nyttar. Energikjeldene kan dekke energibehov til varme og kjøling. I tillegg gjev lokal fornybar energi betre forsyningsikkerheit og reduserer importavhengigheit. 

Energien kan kome frå lav- eller høgtempererte energikjelder. Lavtempererte energikjelder, som fjordvarme, nyttar ein i all hovudsak til varme og kjøling i bygningar. Sidan energikjelda er lavtemperert, treng ein varmepumpe til å heve temperaturen til ønska nivå. Ein kan også nytte energikjelda direkte til kjøling. Eksempel på lavtempererte energikjelder er sjøvatn, ferskvatn, grunnvatn, lausmasser/jord, fjell og berg, sol, luft, ventilasjonsavkast og avløpsvatn.

Høgtempererte energikjelder kan nyttast til varme og elektrisitetproduksjon. Eksempel på høgtempererte energikjelder er grunnvarme frå djupe borehol, sol, biobrensel og avfallsforbrenning. Spillvarme frå industri kan også vere aktuelt enkelte stader.

Med lavtempererte energikjelder, kan miljøvennleg kjøling utnyttast enkelt og rimeleg. Dette bidrar til at ein får kontroll på innetemperaturen i bygget, noko som er viktig i mellom anna forretningsbygg, kontorbygg, sjukehus, omsorgsbygg og skulebygg. I tillegg er kjøling av datarom ofte aktuelt.

Vi saman med Nordplan tilbyr prosjektadministrasjon og rådgjeving for å finne dei rette løysningane for ditt bygg.