Stad Fjordvarme KF

Fjordvarmeanlegg

Fjordvarme AS har utvikla og driftar fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid sidan 2004 og Stad Næringspark frå 2022. Det omfattar drift og vedlikehald av anlegg, samt drift av varmepumpeanlegg hos enkelte kundar.

Referanseprosjekt


Rimeleg energi

Fjordvarmeanlegga gjev kundar tilgang til rimeleg energi til oppvarming og kjøling. Det er opna for at både næringsliv, offentlige bygningar og husstandar kan få knyte seg til anlegget. Kundane har gjennom fjordvarmeanlegga fått eit tilbod utan sidestykke i Noreg.

Lokalt eigarskap

Stad Fjordvarme KF er eigar av fjordvarmeanlegga.

Det er vedteke av kommunestyret at anlegga skal driftast etter sjølvkostprinsippet. Det vil seie at alle kostnadar som er knytt opp mot drift og vedlikehald, samt finansutgifter knytt til investeringar, vert sett skilt ut i ein eigen rekneskap for anlegga.

Abonnementsinfo

Fjordvarmenettet er bygt ut med høg kapasitet slik at nye abonnentar kan tilknyttast. Interesserte kan kontakte Fjordvarme AS.

Årsgebyr Nordfjordeid

Styret i Fjordvarme AS har no gjort vedtak om at driftsgebyr for fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid i 2024 vert kr 23,00 pr m2 + mva, ein reduksjon på 8 %. På grunn av usikre prognosar for retne og straumprisen framover, kan det bli aktuelt med justering av driftsgebyret i 2025.

Eit viktig tiltak framover vil bli å redusere straumforbruket til sirkulasjonspumpene våre. Som vi tidlegare har informert om, kan dei fleste varmepumpeanlegga klare seg med mindre sirkulert vassmengde enn i dag, i tråd med avtalane som er inngått. Tiltak er nødvendig å gjennomføre hos mange av kundane og vi er avhengige av eit godt samarbeid om dette vidare. Om vi ikkje klarar å gjennomføre dette i fellesskap, kan det bli nødvendig å vurdere ein differensiert pris, slik at dei som ikkje oppfyller vilkåra i avtalen må betale ein høgare pris enn dei som oppfyller avtalen.

Årsgebyr Stad Næringspark

Styret i Fjordvarme AS har no gjort vedtak om at driftsgebyr for fjordvarmeanlegget på Stad næringspark i 2024 vert kr 2.000,00 pr kW effektuttak+ mva. Årsak til auken er stor renteoppgang på lån.


Lokale varmepumpeanlegg

Fjordvarme AS har avtale om driftsoppfølging for fleire lokale varmepumpeanlegg. Ta kontakt om du ønskjer eit tilbod på driftsoppfølging.




Tilknytting

Nordfjordeid

Næringsbygg/offentlege bygg: Satsane er gradert frå kr 50.000 til kr 350.000 + mva. Endeleg prisfastsetting vert fastsett etter nærare avtale. 

Tilknytingsgebyr bustader: kr 5.000 + mva pr bustad. 

Stad Næringspark

Næringsbygg/offentlege bygg: 2 500 - 3 000 kr + mva / kW effektuttak. Endeleg prisfastsetting vert fastsett etter nærare avtale. 


Gravemelding

Ved graving i Nordfjordeid sentrum og på Stad Næringspark må det sendast gravemelding til Fjordvarme AS, magne.hjelle@fjordvarme.no.
Sjå kart under for aktuelle område (innafor raud linje).

På Nordfjordeid omfattar det heile området mellom Leirongane i vest til Stokkenes i aust og frå Malakoff i sør til Sjukehuset i nord.



På Stad Næringspark er det området i og rundt Stad Næringsark.

Historisk utvikling

Årsgebyrhistorie på Nordfjordeid

Årsgebyret vert fastsett etter sjølvkostprinisippet og er gitt pr kvadratmeter bygningsmasse (BRA). 

I 2024 er prisen 23,00 kr pr m2 + mva.

I 2023 var prisen 25,00 kr pr m2 + mva.

I 2022 var prisen 20,00 kr pr m2 + mva.

I 2021 var prisen 19,00 kr pr m2 + mva.

I 2020 var prisen 19,50 kr pr m2 + mva.

Årsgebyrhistorie på Stad Næringspark

Årsgebyret vert fastsett etter sjølvkostprinisippet og er gitt pr kW abonnert effekt. 

I 2023 er prisen 2000,00 kr pr kW + mva.

I 2023 var prisen 1775,00 kr pr kW + mva.