Energibruk i bygg

Energibruk i bygg

Å velje riktige løysingar kan vere utfordrande. Riktig løysing bør tilpassast kvart bygg og er avhengig av blant anna bruksområde, storleik og omgjevnader. Vi kan vere med å finne dei beste løysingane for ditt behov, både for eldre bygg og nybygg.

Referanseprosjekt

I samarbeid med Enøk-senteret og Nordplan har vi god kompetanse på energibruk i bygg.

Tema

- Val av energikjelder og varmeløysing
- Kontroll av varmeanlegg
- Analyse av energibruk
- Energimerking

Kundegrupper

- Kommuner
- Fylkeskommuner
- Andre byggeigarar


Miljø

Politiske føringar medfører behov for ei rask omlegging til bruk av fornybare energikjelder. Noreg skal redusere årlege utslepp med 22,9 mill tonn CO2 fram til 2030 i forhold til 2015.

Det blir forbode med bruk av mineralolje (fyringsolje og paraffin) til oppvarming av bygg, både til grunnlast (normal oppvarming) og spisslast (ekstra oppvarming dei kaldaste dagane) i 2020. Dette vart bestemt av regjeringa 15 juni i 2017. Andre grunnar til å skifte energikjelde er at oljeprisen er høg i forhold til alternative energikjelder og verknadsgraden på eldre oljekjelar er dårleg. Derfor vil alternative varmeløysingar ofte føre til lågare driftskostnadar. Samtidig bør også oljetankane fjernast for å unngå fare for lekkasjar.

Det er innført strenge byggekrav i byggtekniske forskrifter (TEK17) til maks energibruk pr m2. Minimum 60% av energien til oppvarming, skal kome frå ei energifleksibel energikjelde. Dette gjeld for bygg større enn 1000 m2. 

Enova har gode støtteordningar for private og næring. Dei støttar energitiltak som aukar andelen fornybar energi og reduserer effekttoppar i straumnettet. 

Innovasjon Norge har støtteordningar for pilot- og demonstrasjonsanlegg.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har støtte til mellom anna miljøsertifisering, hurtigladestasjonar og ENØK-tiltak. 

Andre fylkeskommunar har eigne tiltak.

NVE organiserar elsertifikat, som er ei støtteordning for fornybar kraftproduksjon. NVE har og gjort det mogleg å kjøpe straum med opprinnelsesgaranti. I tillegg kan byggeigarar levere straum tilbake til kraftnettet som plusskundar.