Eid idrettspark

Krøllgrasbana til Eid Idrettspark vert halden fri for tele i den kalde årstida ved undervarming direkte frå sjøvatn frå fjordvarmeanlegget. Dette gjer at bana kan brukast sjølv om lufttemperaturen ligg under -10ºC i lengre tid. Takka vere dette, kan eidarane spele utandørs fotball midtvinters! Dette anlegget er det første av sitt slag.

Under bana er det lagt ned 33 km (!) plastrøyr. Gjennom desse røyra vert det pumpa sjøvatn som er henta 50 meter under havflata. På denne enkle måten kan bana tilførast meir enn 1000 kW effekt. Og – det beste av alt – det vert ikkje brukt meir enn ca. 28kW pumpeeffekt for å oppnå dette!

Byggherre: Eid Idrettspark
Oppdrag: Utbygging av undervarme
Fagområde: Termisk energi, drift av energianlegg, Eid Fjordvarme
Stad: Nordfjordeid
Areal: 7800 m2
År: 2005
Installert effekt: 600 kW