Fjordvarmeanlegget i Førde - utbygging

Fjordvarme AS har vore med og utvikla fjordvarmeprosjektet i Førde sidan 2010. Vi har gjennomført forstudie, forprosjekt, konsesjonsøknader, Enova-søknader, hovudprosjekt, prosjektleiing og bistår ved drift om naudsynt. 

Initiativtakar for fjordvarmeanlegget i Førde var Sunnfjord Energi AS. Sunnfjord Energi AS, BKK Varme AS og Førde kommune etablerte i 2015 Førdefjorden Energi AS, for utbygging og drift av anlegget. I dag er Eviny Termo AS (tidlegare BKK Varme) eigar og ansvarleg for anlegget.

Fyrste og andre byggetrinn er ferdig utbygd og sett i drift. Det tredje er under planlegging. 

Byggherre: Førdefjorden Energi AS (no Eviny Termo AS av Førde)
Fagområde: Termisk energi, drift av energianlegg, energibruk i bygg
Stad: Førde
Areal: 267 000 m2
År: 2010-til dags dato
Installert effekt: 16 200 kW
Fornybar energi: 22 400 MWh